I meir enn 40 år har Auto Mek på Hosteland stått til teneste med reparasjon og vedikehald av ulike motorkøyretøy. Vi har også teke på oss reparasjon og vedlikehald av traktorar og landbruksmaskiner, noko som vil verte eit viktig arbeidsområde i tida som kjem.
Vi forhandlar også mindre, maskinelt utstyr, som motorsager og plenklypparar, og utfører sjølvsagt vedlikehald og reparasjon på dette.
Me er godkjent lærebedrift for mekanikar lette køyretøy og landbruksmekanikar.
Kontaktinformasjon
Post- og besøksadresse :
Fensfjordvegen 600,
5986 Hosteland
( Trykk her for kart. )
Telefon : 56 36 71 40
Vi har fått nye e-postadresser :
Faktura skal sendast til faktura@auto-mek-as.no
All annan e-post vert å sende til post@auto-mek-as.no
Merk: Gjeld dette bestilling av tid på verkstad, kan ein også nytte dette skjemaet.
Opningstider
Vi har ope måndag – fredag kl. 07:00 – 16:30
Velkomen innom!
Opningstider i påsken
Ordinære opningstider måndag og tysdag.
Onsdag held vi ope til kl16:00.
Vi held stengt frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag.
Datoar for ferielukning vil verte lagt inn her med deet fyrste.
Vedlikehald og reparasjon av bil
Auto-Mek A.S er med i den landsomfattande kjeden Sjekkpunkt bilverksted og har vore medlem her i over 20 år. Det er berre å trykke på Sjekkpunktlenka, så får du info.
Hos oss kan du mellom anna få utført
- EU-kontroll opp til 7500 kg
- Service og reparasjonar i tråd med produsenten sine retningsliner. Me tar -g service på bilar i garantidtida. Me brukar OE-godkjente delar!
- Er godkjent for el- og hybridbilar.
- Vedlikehald – oljeskift, kontroll og skifte av slitedelar
- 4 Hjulstilling.
- Diagnostisering og feilsøking. Me kan kode nøklar, programmere styreeiningar og diverse ting som ein ellers må til merkeverkstad for å gjere.
- Dekkskifte og justering av trykksensorar
- Service på klimaanlegg for fossil-, el- og hybrid.
- Me kan tilby DTE tuning som er TÜV godkjent (det vil seie at du kan reise til biltilsynet og få stempla inn godkjent effektøkning lovleg ). Me kan òg tilby tuning til både traktor og båtmotorar.
- Utfører service på alle påhengsmotorar.
- Du kan avtale tid anten ved å ringe oss på tlf. 56 36 71 40, sende oss ein e-post, eller ved å nytte dette skjemaet.
Me kan gjennom vår leverandør tilby alt i hydraulikk.
Sal og montering av dekk til bilar og traktorar
Gjennom samarbeid med Superdekk Norge kan vi tilby dekk til bilar og traktorar, til konkurransedyktige prisar.
Sal av traktorar
Vi samarbeider med Solberg mekaniske, som er representantar for HCP Nordic, og forhandlar Deutz traktorar og utstyr til desse.
Her er brosjyrar for Deutz Traktorer – HC Petersen.
Sal av landbruksutstyr
Vi er forhandlarar av landbruksutstyr frå SISU produkter, som er eineimportør av anerkjende merkevarer innan redskap til traktor for jordbruk, skogbruk og entreprenørverksemd.
Vi er også forhandlarar for Nessemaskin A/S, som har har det største utvalet i Noreg av redskap for stell av alle slags husdyr.
Vi sel også RY-skuffa frå Yndestad mekaniske.
Songe topp- og avvatringsstag
Me forhandlar og diverse utsyr ifrå Maskinimportøren. Blant anna Minirundballepresse.
Vedlikehald og reparasjon av traktorar og landbruksmaskiner
Vi har arbeidd med vedikehald og reparasjon av landbruksmaskiner heilt sidan starten.
Med åra har behova for slike tenester auka, og vi har no vald å satse meir aktivt på dette tenesteområdet.
Sal av rekvisita, drivstoff og oljeprodukt
Vi har eit godt utval av bilrekvisita, og av smøreoljer og andre oljeprodukt. Vi sel også bensin og diesel.
Husqvarna skog-, park- og hageprodukt
Me har solgt hageprodukter ifrå starten av. Me starta med dei kjente Jobu sagene. Men så kjøpte Electrolux dei opp 1983 og innlemma Jobu i Jonsered. For nokre år sidan fann Electrolux ut at de var for dyrt å marknadsføre to merke parallelt. Då fasa dei ut Jonsered.
Vi sel og har service på Husqvarna sine produkt for skog, park og hage. Dette omfattar mellom anna motorsager, ryddesager, robotklypparar og tradisjonelle plenklypparar i ulike storleikar. Me har programvare for alle Husqvarna sine produkt. Kjøper du hjå oss, så strekker me oss langt for at du skal få eit problemfritt Husqvarna produkt.